Den mirakuløse krafta som kjem til å drive mennesket ut i det mystiske universet er ikkje handfast. Krafta som driv oss kjem innanfrå. Det er vår utørstelege nysgjerrigheit og appetitt på kunnskap som driv oss. Vi lever i eit tilvære kvar havet av mysterium er uendeleg.
Denne artikkelen er skreve på nynorsk.
Mystikk har alltid hatt ein eigen plass i menneskja sine hjarter. Med mystikk tenkjer ein gjerne på noko som er hemmelegheitsfullt og ikkje fullt oppklåra. Vi kastar oss lett over det vi ikkje heilt skjønnar, og det vi forstår blir plutseleg ikkje fullt så interessant. Med så mykje uløyste fenomen ute i den vide verda, kan det verke særs fasinerande for mange at det ikkje fins ei forklaring. Folk si interesse for det uoppklåra gjer at populærkulturen bruker mystikk for alt det er verdt i finansnæringa, og gjer gode pengar på nett det. Kven er det som ikkje har sett ”Lost” eller forløparen ”X-Files”? Mystikk inneheld også mange referansar til verkelegheita, noko som har skapt stor blest opp igjennom åra.